Linda Fosse presenterar:
Vi fylgjer lyrikaren Aslaug Låstad Lygre gjennom ulike fasar av livet og diktinga hennar.
Regi: Agnete G. Haaland
Manus: Agnete G. Haaland og Linda Fosse.
Det heile er bunde saman av dikt og songar. Aslaug er rekna for å vera ein av Noregs største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid.
Ho er mest kjend for diktet som Geirr Tveitt har sett melodi til, men dei færraste veit at medan ho skreiv dette diktet låg ho dødssjuk i tuberkulose.
Kva meir skreiv ho og kva andre hendingar i livet hennar kan ha påverka diktinga hennar?
Aslaug Låstad Lygre var fødd på Lindås i Hordaland i 1910. «No blømer alle rosene» kom ut i 1943 og var den fyrste av i alt seks diktsamlingar ho gav ut.
Lygre vert ofte omtala som Vestlandet si Haldis Moren Vesaas, ei samanlikning som vert tydeleg for dei fleste når dei les dikta hennar.
Ho skreiv i tillegg til dikt både prologar, kronikkar og skodespel. Ho døydde av kreft i 1966, berre 56 år gamal.
| Årstal | Tittel | Årstal | Tittel |
|---|---|---|---|
| 1943 | No blømer alle rosene | 1948 | Eld av steinar |
| 1952 | Den einsame roaren | 1957 | Rit di rune |
| 1960 | Fest i september | 1964 | Primulakveld |
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta er ei framsyning som har fått særs god mottaking både på barne- og ungdomsskuletrinn, vidaregåande skule og hjå eit godt vakse publikum.
Her går poesi, historie, teater, musikk og det nynorske språket hand i hand.
Framsyninga er skriven av Agnete Haaland og Linda Fosse.
![]()
Festivalkontakt:
Linda Fosse, Askeland gard, 5286 Haus.
Tlf.: 932 16 538 – E-post:
l-fosse @online.no
Formgjeving: ID fix design. Sidene er sist oppdatert 2. september 2010